torsdag 17. oktober 2013
















Fairtrade – kva og kvifor?


Det har vore skrive mykje i riksdekkande media om Fairtrade-merket. Styringsgruppa for Fairtrade i Volda og Ørsta ynskjer å vere aktive lokalt. Vi vil arbeide for ei betre og meir rettferdig verd. Så kva er Fairtrade? Og korleis hjelper den?

I ei marknadsstyrt verd vil ofte dei som leverer den rimlegaste vara få avtalen. Dette går gjerne ut over noko. Frihandelsavtalar gjer det enkelt å flytte produksjon etter dei billegaste avtalane. Dette skaper utrygge tilhøve for produsentar og statar der bedriftene høyrer heime. I slike høve vert det lett sett gjennom fingrane med menneskerettar og miljøvern, for å sikre at ein får behalde produksjon og arbeidsplassar. Gjennom etisk handel prøver ein å gjere noko med dette. Det er utarbeidd ei rekkje minstekrav for å kunne bruke denne merkelappen. Det gjeld avskaffing av barnearbeid og anna tvangsarbeid og kamp mot diskriminering. Det gjeld trygge arbeidsforhold, aksept for fagforeningar og kollektive forhandlingsrettar og miljøansvar.

Fairtrade-ordninga er ei global merkeordning for etisk handel. I tillegg til dei andre etiske krava, fins det og krav til ein rettferdig pris. Eg vil bruke kaffi som eksempel. Kaffiprodusentane er små, gjerne familiedrivne, foretak. Desse har gått saman til kooperativ, og sel kaffien sin gjennom desse. Produsentane er sikra minimumspris for produktet sitt. Det betyr at Dei alltid kan brødfø familien sin, jamvel om kaffiprisen på den frie marknaden er lågare. Som kjent er det marknaden som bestemmer prisane på råvarer, og dette kan slå svært dårleg ut for små bønder utan norske sikringsnett. Dersom marknadsprisen er høgare enn minimumsprisen, får sjølvsagt også Fairtrade-bønder høgare pris. I tillegg til dette får kooperativet ein sum frå importøren til andre tiltak. Denne summen vert ofte brukt til å byggje skular eller på anna vis utvikle lokalsamfunnet til ein betre stad å leve. Demokrati er eit viktig stikkord her og bøndene får større påverknad på eigen kvardag. Om lag 1,2 millionar småbønder er knytte til ordninga. Reknar ein med familien deira, vert talet 6 millionar.

Dersom ein krev at arbeidaren får anstendig betalt for arbeidet han/ ho har lagt ned for å produsere kaffien til kaffikoppen din, eller lunsjbananen, så vil han/ ho få det. Bruk forbrukarmakta di til å setje standarden. Kvart enkelt kjøp hjelper.

Vil du vite meir? Www.fairtradenorge.no

Styringsgruppa Fairtrade Volda Ørsta